Kveldstur til Hårlandsnepene. Desse nibbane er spektakulere der dei heng fleire hundre meter over Hårland. Klatring opp på nibbene er mogeleg, men skjer på eige ansvar. Vi går frå Hårland opp Stegane til Løkjelsvatn og ut til nepene. Turen er til dels bratt, men ikkje vanskeleg og ein reknar 4 timar tur/retur. Oppmøte Hårland kl. 17