Det er klart for ny sesong i "Alle 30". Lista "Alle 30 i Etne - sesongen 2020 - 2021" er klar i SjekkUT og nuteringsskjema finn du her. God tur og lykke til med nutafangsten.
Første året med Barnas turpostkassar har blitt ein suksess. Nærmare 80 born har levert inn skjema der dei har ført opp dato for sine besøk til anten 5 eller fleire av dei 10 turpostkassane. 26. oktober blir det avslutningsfest for sesongen på Rygg skule med utdeling av premiar.
Det er klart for ny sesong i "Alle 30". Lista "Alle 30 i Etne - sesongen 2019-2020" er klar i SjekkUT og nuteringsskjema finn du her. Lykke til med nutafangsten.
Turprogrammet for 2019 er klart og folderen med programmet går i desse dager ut til alle hustander i Etne. Du kan også laste den ned her.
Frå 1.oktober 2018 kjem Barnas turlag i Etne til å ha oppe turpostkassar fordelt på 10 ulike turmål i Etne kommune. Me vil på denne måten inspirere til aktivitet og turglede blandt born.
Etne turlag har tatt over administrasjonen av "Alle 30" i Etne. "Alle 30" fungerer som før, men no kan du også bruke DNT-app'en SjekkUT til å registrere ditt besøk på dei 30 turpostane og nutane. Postane er lagt ut av dei fire idrettslaga i Etne kommune: IF Klypetussen, Skånevik IL, Fjæra og Rullestad IL og Etne IL.
Denne flotte turen er dessverre avlyst pga. for lite påmelde.Bli med på sykkeltur langs sydøstspissen av Sicilia 16.-24. oktober. Sykle gjennom Unesco-lista landsbyer, gjennom mektig landskap og vakre strender. Påmelding innen 12. februar.
Etne Turlag samarbeider og støttar arbeidet til Vindafjord Turlag med å oppgradere den gamle postvegen mellom Etne og Ølen til farbar turveg.
Etne Turlag vil gjerne vere din grasrotmottaker. Da kan det bli fleire turer og meir aktivitet.
Turen til Madeira i haustferien for 2016, er diverre avlyst. Turen vil komma igjen ved ein seinare anledning.
11.–15. juli, tur til Svalbard. NB Påmeldingsfrist 1. april 2016
Det vert årsmøte i Etne Turlag tirsdag 16. februar kl.19.00.på Etne Camping.Vanlege årsmøtesaker.Lars Lundal fortel om vandring i Etnefjella.Middag, kaffi og karer.
Etne Turlag har nå fått nye nettsider. Her vil du få informasjon om turane me arrangerar, nærturar i Etne og andre aktivitetar i laget.
Her kjem første smakebit på programmet for seniorturane i 2016 for Etne Turlag. Sida vert oppdatert etter kvart, så sjå etter endringar i programmet.
Barnas turlag Etne arrangerer turar og aktivitetar for born og unge. Turlaget er ope for alle.