SjekkUT - Alle 30 i Etne

Etne turlag har tatt over administrasjonen av "Alle 30" i Etne. "Alle 30" fungerer som før, men no kan du også bruke DNT-app'en SjekkUT til å registrere ditt besøk på dei 30 turpostane og nutane. Postane er lagt ut av dei fire idrettslaga i Etne kommune: IF Klypetussen, Skånevik IL, Fjæra og Rullestad IL og Etne IL.

Etne turlag har sagt ja til å ta over adminstrasjonen og videreføringa av "Alle 30" i Etne. Opplegget vil fungere som før med å skrive deg inn i besøksboka på kvar post og sende inn skjema ved fullførte "Alle 30" for sesongen.

Nytt er at alle postane er lagt inn i DNT-app'en SjekkUT og alle som ønskjer det kan registrere sitt besøk via app'en. SjekkUT er gratis, og her vil du finne lista "Alle 30 i Etne". Denne gjer det endå kjekkare og enklare å delta.

Med SjekkUT kan du få ei oversikt over kor du finn dei nærmaste turpostane til ei kvar tid. Du kan sjekke inn når du besøker ein turpost, ta bilde med namnet på turposten og enkelt dele på sosiale medie, i tillegg til å signere i dei nye digitale gjestebøkene. Besøk av posten blir ikkje synlige for andre enn deg sjølv og administrator medan registrering i gjesteboka blir synleg for alle som nyttar app'en. Les meir opp SjekkUT-app'en her.

Dei som ønskjer det kan sjølvsagt sende inn skjema som før, men då til epost: etne.turlag@dnt.no

Eingong etter sesongslutt, og i løpet av vinteren, vil vi fortsatt lage til den tradisjonelle "Nuta-festen" for å feire vel gjennomført "Alle 30".