Alle 30 - sesongen 2019-2020

Det er klart for ny sesong i "Alle 30". Lista "Alle 30 i Etne - sesongen 2019-2020" er klar i SjekkUT og nuteringsskjema finn du her. Lykke til med nutafangsten.

No skal alt vere klart for å gå i gang med nutafangsten for ny sesong av "Alle 30". Du kan anten bruke DNT sin app SjekkUT eller skrive opp dine besøk på nuteringskjemaet for sesongen og sende det ferdig utfylt på epost til etne.turlag@dnt.no. 

I år er "Farande fant" for IF Klypetussen Løhaugen (650 moh). Denne ligg ved den T-merka løypa som går frå Kyrping til Blomstølen. Nuten ligg aust for Verdalen. Ein kan greit ta denne nuten på same tur som Skrekollen og Ljusneshovda. Ny nut hos Fjæra og Rullestad IL er Kvannegrønuten (1223 moh). Denne ligg omlag ein times gange sørvest for Simlebu. Turen blir ikkje merka, så den er nok best å ta ein dag det ikkje er skodde. Nuten er synleg frå Simlebu.

Det er planlagt fest med utdeling av utmerkingar for fjorårssesongen i februar 2020. Det vil komme meir informasjon etterkvart.

Vi ønskjer alle, både gamle og nye nutafantar, lykke til og måtte det bli mange flotte turar i sesongen som kjem.