Suksess med Barnas turpostkassar

Høylandsnuten, Etne
Høylandsnuten, Etne

Første året med Barnas turpostkassar har blitt ein suksess. Nærmare 80 born har levert inn skjema der dei har ført opp dato for sine besøk til anten 5 eller fleire av dei 10 turpostkassane. 26. oktober blir det avslutningsfest for sesongen på Rygg skule med utdeling av premiar.

I fjor søkte og fekk Barnas Turlag Etne midlar til å sette 10 turpostkassar for born, og 1. oktober i fjor var den første sesongen for barnas turpostkassar i gong. Det har blitt ein umiddelbar suksess. Nærmare 80 born har besøkt turpostkassar rundt i heile Etne kommune, skreve namnet sitt i bøkene og fylt ut skjemaet.

Utgangspunktet for turpostkassane er å motivere til turglede for heile familien. Og så langt ser det ut til å fungere kjempefint. Postkassane er plassert på stader som flest mogeleg skal kunne klare å besøke utan å miste motet og turgleda. Nokre av postane er tilrettelagt for å kunne nås med barnevogn og rullestol. Alle born  frå 0-12 år som har besøkt 5 eller fleire av turpostkassane får premie. Det skjer på avsluttningsfesten på Rygg skule 26. oktober. Då blir det servert graut og det går rykter om at Turbo kjem på besøk. Han brukar å danse turbodansen, så det gjer han nok denne gongen og.

Ny sesong av Barnas turpostkassar er alt i gong. To av postkassane har flytta på seg og er å finne på Steinsfjellet og Øvstebø. Steinfjellet kan ein nå frå Rus eller via Olalia. Øvstebø finn du ved å køyre Strondavegen mot Skånevik. Det er skilta opp til Øvstebø. Alle postane er lagt ut i lista "Etne - Barnas turpostkassar sesongen 2019-2020" i SjekkUT-app'en. Den kan vere eit godt hjelpemiddel for dei vaksne når dei skal finne turbeskrivelse og sjekke kor turpostkassen er i kartet. Registreringsskjemaet finner du her.

Vi i Barnes Turlag Etne heiar på alle born som vil ut på tur. Velkomen til fest på Rygg skule 26. oktober. Husk å melde dåken på her. Og lykke til med ny sesong av Barnas turpostkassar.