Alle 30 - sesongen 2020 - 2021

Sommarkveld i Etnefjellet
Sommarkveld i Etnefjellet Foto: Jorunn Bringeland Berge

Det er klart for ny sesong i "Alle 30". Lista "Alle 30 i Etne - sesongen 2020 - 2021" er klar i SjekkUT og nuteringsskjema finn du her. God tur og lykke til med nutafangsten.

No skal alt vere klart for å gå i gang med nutafangsten for ny sesong av "Alle 30". Du kan anten bruke DNT sin app SjekkUT eller skrive opp dine besøk på nuteringskjemaet ​​​​​​​for sesongen og sende det ferdig utfylt på epost til etne.turlag@dnt.no. 

I år er "Farande fant" for IF Klypetussen Åborenuten (1024 moh). Denne ligg aust for Løkjelsvatn og kan nåes med start anten frå Håheim via Djupavatnet eller frå Kritle via Fiskedalen. Ny nut hos Fjæra og Rullestad IL er Håvardhaugen (248 moh). Dette er ein kort tur, men gir fin utsikt over Rullestad. Parkering ved den gamle saga på Rullestad og følg grusvegen på nedsida av europavegen til endes. Det er hengt opp raude merker.

Det er planlagt fest med utdeling av utmerkingar for fjorårssesongen i februar 2021. Det vil komme meir informasjon etterkvart.

Vi ønskjer alle, både gamle og nye nutafantar, lykke til og måtte det bli mange flotte turar i sesongen som kjem.