Barnas turpostkasse - sesong 2021-22 er klar

Då er Turbo klar for ny sesong med Barnas turpostkasse i Etne.

Frå 1. oktober er det klart for ny sesong med Barnas turpostkasse i Etne. 10 postkassar heng rundt om i heile kommunen. To av kassane har fått ny plassering: ein heng ved dagsturhytta på Leiteshaugen (Rus) og ein heng på Tjelflaatåsen i Skånevik. Sesongen varer frå 1. oktober 2021 til 30. september 2022. 

Alle born frå 0-12 år som besøker 5 eller fleire postkassar får premie, og dei som klarer å besøke alle 10 får ein ekstra fin premie. 

Skjema for sesongen 2021-22

Turbeskrivelsar for postane.

Skrevet av Jorunn Bringeland Berge 29. september 2021