Alle 30 - sesongen 2021-2022

Hodlestadnuten
Hodlestadnuten Foto: Jorunn Bringeland Berge

Det er oktober og oppstart med ny sesong i "Alle 30". Lista "Alle 30 i Etne - sesongen 2021 - 2022" er klar i UT.no og nuteringsskjema finn du her. God tur og lykke til med nutafangsten.

No skal alt vere klart for å gå i gang med nutafangsten for ny sesong av "Alle 30". Du kan anten bruke appen UT (eller nettsida UT.no) eller skrive opp dine besøk på nuteringskjemaet ​​​​​​​for sesongen og sende det ferdig utfylt på epost til etne.turlag@dnt.no. 

I år er "Farande fant" for IF Klypetussen Litlavatnet (ut.no) (550 moh). Kassen er sett opp ved utløpet på det høgaste punktet på den gamle DNT-stien Frette - Storavasshytta. Ny nut hos Fjæra og Rullestad IL er Keidalsvatnet (ca 900 moh). Det er ikkje merka opp til kassen, men du startar frå Bergstø og grusvegen opp Bergstødalen. Turen frå Bergstø til Keidalsvatnet vil ta 2-3 timar. For fullstendig turbeskrivelse sjå Keidalsvatnet (ut.no).

Vi ønskjer alle, både gamle og nye nutafantar, lykke til og måtte det bli mange flotte turar i sesongen som kjem.

Skrevet av Jorunn Bringeland Berge 11. oktober 2021