Turpostkasser for Barnas turlag

turpostkassar
turpostkassar

Frå 1.oktober 2018 kjem Barnas turlag i Etne til å ha oppe turpostkassar fordelt på 10 ulike turmål i Etne kommune. Me vil på denne måten inspirere til aktivitet og turglede blandt born.

Barnas turlag Etne heng opp 10 turpostkassar for born i alderen 0-12 år på 10 ulike turmål i Etne kommune. Det blir premie til alle som besøker 5 av turkassane innan 30. september 2019. For dei som klarar alle 10 blir det ein større premie. 

Den først turkassen vart hengt opp allereie laurdag 1. september på Osnes i samband med arrangemenet "Kom-deg-ut-dagen". Dei andre 9 kassane er klare til bruk etter 1. oktober.

Det er lagt vekt på at variasjon og spredning av turmåla. Fleire av turmåla er tilgjengelege med barnevogn og rullestol. Lengda på turane variere frå nokre hundre meter til 6-8 km, og du finn dei spredd i heile Etne kommune. 

Alle som vil delta må skrive namnet sitt i turboka som ligg i kassen. I tillegg må ein føre opp sine besøk på eit eige skjema som ein sender inn til etne.turlag@dnt.no. På baksida av skjemet fins det ein kort turbeskrivelse for kvart turmål.

Barnas turlag Etne håper dette tiltaket kan stimulere til aktivitet og turglede. God tur!

Skrevet av Jorunn Bringeland Berge 9. september 2018