God gang på turveg mellom Etne og Ølen

Etne Turlag samarbeider og støttar arbeidet til Vindafjord Turlag med å oppgradere den gamle postvegen mellom Etne og Ølen til farbar turveg.

Vindafjord Turlag er godt i gang med å opparbeide den gamle postvegen mellom Etne og Ølen til turveg. Tanken er at den nærmare 11 km lange vegen mellom bygdene skal kunne nyttast til som turveg både for gåande, syklande og ridande. Vi har stor tru på at denne turvegen vil bli eit godt og populært tilskot til tur & aktivitetstilbodet i Etne og Vindafjord. Dersom alt går etter planen blir det opning av vegen i mai/juni 2017. Les meir om prosjektet hos Medvind24.no.

Fire kilometer turveg er skoga og kvista mellom Ølen og Etne. Leif Grindheim (t.v.) har vore prosjektleiar for gjengen som har stått for arbeidet. Her er dei representert med Espen Osa, Mateusz Sobieraj, Jon Aarekol og Kevin Lawson.
Fire kilometer turveg er skoga og kvista mellom Ølen og Etne. Leif Grindheim (t.v.) har vore prosjektleiar for gjengen som har stått for arbeidet. Her er dei representert med Espen Osa, Mateusz Sobieraj, Jon Aarekol og Kevin Lawson. Foto: Torleif Heggebøe

Skrevet av Jorunn Bringeland Berge 11. oktober 2016