Om Oss

Etne Turlag 

Etne Turlag har som hovudmål å få folk ut på tur! 

I vårt nærområde har me fantastisk vakker, vill, idyllisk og spennande natur, der mykje er "uoppdaga" for mange av oss. Turlaget vil gjerne vera med å bidra til at fleire oppdagar det positive med å ta seg ein fjelltur. Det er ei sanning at det gjer godt for kropp og sjell! Å vandre i naturen er ei stor oppleving som gjerne vert utvida når ein går i lag med andre, og med kjentmann vert turen også meir interessant og lærerik. 

Etne Turlag har ansvar for merking/varding av tilførselsløypene frå Etne-sida til hovedløypa Opheim-Seljestad. Ellers har me merka og skilta eit par gamle driftavegar. Dette er eit arbeid me gjerne vil gjera meir av. Så er du interessert i å bidra i dette arbeidet, ta kontakt.

Barnas Turlag, Etne:

Barnas turlag Etne arrangerer turar og aktivitetar for born og unge. 


Det er tilknytta Etne turlag og er ope for alle.